Rusmiddelbrukarar - tiltak

Rusmisbruk - Klikk for stort bilete Treng du eller pårørande hjelp til å komme bort frå misbruk av alkohol eller andre rusmiddel?

Dersom du treng hjelp til å kome deg ut av rusproblem, kan du vende deg til Nav Jølster. Her vil du få ein timeavtale med ein rettleiar.

I timeavtalen vil rettleiaren i samråd med deg kunne finne ut kva behov du har. Det vil ofte vere naudsynt med tett oppfølgjing gjennom fleire timeavtalar. For at ein skal kunne tilby deg best mogeleg hjelp, er det viktig at du er open og ærleg på rusproblema dine.

 

Dersom du ynskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din i tillegg til Navkontoret hjelpe deg med å søkje om dette.

Rusmiddelmisbrukarar har også krav på dei ordinære tenestene etter Helse- og omsorgstjensteloven.

 

Andre tilbod  i Jølster kommune Psykisk helsevern

Publisert av Svanhild Røkenes. Sist endra 24.06.2016 av Carl-Richard Nyborg-Christensen

Kontakt

bilde av personen: Pål Martin  Eide
NAV leiar

 

Teneste (1)
 
 
Login for redigering