Timebestilling hjå NAV
Ønskjer du bistand til å styre din eigen økonomi eller dersom du har gjeldsproblem, kan du tinge time hjå gjeldsrådgjevar på NAV Jølster eller ta kontakt med din sakshandsamar. Dette tilbodet er gratis
Føremålet med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving er å hjelpe deg slik at du vert i stand til å styre økonomien din sjølv.
NAV kan hjelpe til med å:
-
Lage oversikt over din økonomiske situasjon
-
Sette opp eit hushaldsbudsjett
-
Finne ut korleis du kan få mindre utgifter(unngå økonomiske feilprioriteringar)
-
Gjere avtalar med dei du skuldar pengar
-
Skrive søknader om utsettingar av betaling
-
Få opplysningar om rettar og plikter
-
Dersom du har mykje gjeld det er umogeleg å betale kan Nav hjelpe til å søkje gjeldsordning
-
Hjelpe i kontakt med og oppfølging av aktuelle kreditorar
-
Kontakt med namsmannen
Tips og råd på NAV sine sider