Utarbeide ny reguleringsplan

Når skal det bli utarbeida ein reguleringsplan?

Før det blir gjeve tillatelse til større bygge- og anleggsarbeid, skal det ligge føre ein reguleringsplan.

  • Når kommunen i arealdel til kommuneplan (og kommunedelplan) har fastlagt at det skal lagast reguleringsplan før byggjetiltak.
  • Der kommunen i planstrategien og/eller arealdelen har fastlagt at det skal lagast reguleringsplan.
  • Når kommunen ellers finner behov for det

En komplett plan består av:

 

Plankart

Arealformål angjev virkning av kva arealet skal nyttast til, og er rettsleg bindande. Arealformåla skal visast på kart. Hensikten med arealformål er å angi eintydig kva funksjonar som er tillete innanfor eit areal og i bygningar og anlegg på arealet.

Føresegner og retningslinjer

Føresegnene kan gjelde heile eller delar av planen, eller blir gitt for spesifikke arealformål.

Føresegnene angir på rettsleg bindande måte kva vilkår eit tiltak må oppfylle for at det skal kunne gjennomførast.

Kva vilkår det dreier seg om angis i tekst.

 

Reguleringsplanar kan gi føresegner om blant anna:

  • Arealbruksformål
  • Når det kan byggast (rekkefølgje)
  • Utnytting av tomta/utnyttingsgrad
  • Korleis bygningen skal plasseres på tomta
  • Bygningen sin utforming
  • Bygningen sin høgde
  • Krav til parkering
  • Krav til utomhusareal

Planbeskriving


Alle forslag til planar etter lova skal ved offentlig ettersyn ha ei planbeskriving som beskriv planens formål, hovedinnhold og virkningar, samt planen sitt forhold til rammer og retningslinjer.
For planar som kan få vesentlige verknader for miljø og samfunn, skal planbeskrivinga gi ei særskilt vurdering og beskriving – konsekvensutgreiing – av planen sine verknader for miljø og samfunn.

Konsekvensutgreiing
Det skal i oppstartsfasen ha vore avklart om planen blir omfatta av krav til planprogram og konsekvensutgreiing. Dette vurderes etter forskrift om konsekvensutgreiing. Planar som skal konsekvensutgreiast skal ha den som ein del av planbeskrivinga. For planar med krav om konsekvensutgreiing, vil det vera naturleg at ROS- analysen inngår som ein del av utgreiingar som skal bli gjennomført i denne sammenheng.

Regelverk

Veiledarar 

Sist endra 12.02.2015 av Hansen, Marte Bergum
 
 
Login for redigering