Endring av plan

Når ønska tiltak ikkje er i tråd med reguleringsplan kan det vurderast ein endring av plan eller om det kan dispenserast frå reguleringsplanen. Ved endring av reguleringsplan må det vurderast om endringen er "vesentleg" eller "mindre vesentleg"

Er endringa mindre vesentleg (f.eks mindre justering av ei tomtegrense), er det plansjefen som omfattar eit vedtak etter at berørte er gitt anledning til å uttale seg. Er endringa vesentleg (f. eks endring av friareal til byggeformål eller endring frå næringsformål til boligformål), må den bli behandla som ein ny reguleringsplan.

Ved ein søknad om mindre endring må det sendast eit brev om kva som er ynskja endra, kvifor og med ei kartskisse som viser ynskja endring.

Før det kan gjerast vedtak, skal saka vere førelagt berørte myndigheitar, eigarane og festarar av eigedommar som direkte vert berørt av vedtaket, slik at dei har anledning til å uttale seg.

Sist endra 02.02.2015 av Hansen, Marte Bergum
 
 
Login for redigering