Dispensasjon frå arealplan

Det førekjem ein arealplan for alle eigedommar i kommunen. Dette kan vere både overordna kommuneplan og lokal reguleringsplan. Planane viser korleis eigedomen din kan utnyttast, og det er juridisk bindande. Dersom du ynskjer å byggje noko anna enn det arealplanane legg opp til, må du derfor søkje om dispensasjon eller om endring av plan.

Dispensasjon er unntaket

Alle arealplanar har vore gjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med moglegheit for medverknad frå naboar og både offentlege og private organisasjonar som har interesse i planen. Ein plan skal vere forutsigbar, slik at folk skal vite kva som gjeld i sitt område. Dispensasjon skal derfor berre unntaksvis nyttast.

Kommunen kan gi dispensasjon viss:

  • målet med arealplanen ikkje blir vesentleg sett til side og

  • fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene. 

Slik søkjer du dispensasjon

Dispensasjonssøknaden kan skrivast som eit vanleg brev og leggast ved saman med nabovarsel og søknad om byggjetiltaket. Søknaden skal sei kva det skal dispenserast frå og innehalde ei grunngjeving for dispensasjonen.

Sist endra 11.02.2015 av Hansen, Marte Bergum
 
 
Login for redigering