Arealdelen

Kommuneplanen sin arealdel skal vere ein oversiktsplan som syner rammer for arealbruken i kommunen. Den er ein del av kommuneplanen for Jølster kommune. Saman med samfunnsdelen er arealdelen det overordna styringsverktyet for utbygging i kommunen.

Eit hovudmål med planarbeidet har vore å (1) samle kommunedelplanane til ein plan og (2) gjere arealdelen til eit politisk styringsverkty med tilhøyrande utviklingsstrategiar.

Planen er sett saman av eit plankart (kart 1 av 2) og eit kart som syner omsynssoner ras/skred (kart 2 av 2) med planføresegner for heile kommunen og ein tekstdel med mål, prinsipp og oppsummering av planen sine vesentlege verknader. I tillegg er det innarbeidd retningsliner og planstrategiar.

Retningslinene er ikkje juridisk bindande, men gjev til kjenne korleis kommunestyret ønskjer at administrasjonen skal handtere føresegnene til planen. Formålet med planstrategiane er å synleggjere området sitt potensiale samt å initiere oppfølgjande prosessar der ein utviklar robuste og funksjonelle lokalsamfunn og sikrar at omsynet til heilskapen vert ivareteke.

Vedteken plan skal leggjast til grunn for vidare detaljplanlegging i høve både vern og utbygging, gje føringar for den løpande handsaminga av byggje- og delingssaker.

Kart m/ faresoner (PDF, 9 MB)

Planomtalen (PDF, 7 MB) Føresegner og retningsliner (PDF, 651 kB) Kart (PDF, 12 MB)
Sist endra 13.04.2015 av Hansen, Marte Bergum
 
 
Login for redigering