Kommuneplan for Jølster 2013-2025

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna strategiske styringsdokument og inneheld mål og retningsval for kommunen sin utvikling. Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel (vedteken av kommunestyret 05.11.2013) og ein arealdel(vedteken av kommunestyret 09.12.2014).


Kommuneplanen vert utarbeidd for ein periode på 12 år og vert revidert kvart fjerde år. Den skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål og interesser. Kommuneplanen har ein handlingsdel som seier korleis planen skal følgjast opp i fireårsperioden.

Handlingsdelen skal reviderast årleg.

Sist endra 12.02.2015 av Hansen, Marte Bergum
Artikkel (1)
 
 
Login for redigering