Idrett og friluftsliv - kommunedelplan

Fysisk aktivitet er ein viktig føresetnad for god helse og eit godt liv. I Jølster er vi heldige som bur i omgjevnader som gjer at alle har gode mulegheiter for å vere fysisk aktive på alle nivå.

Kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er eit styringsverktøy for utvikling av både anlegg og område for fysisk aktivitet. Dokumentet gjev eit oversyn over status på anlegg og registrering av aktivitet. Det syner Jølster kommune si målsetting og engasjement på dette området i kommande fireårsperiode og korleis vi skal ta vare på folkehelsa med tanke på idrett, anlegg og friluftsliv.

Kommunedelplanen er utarbeidd av Plan og næringsavdelinga. Den er ei tematisk kommunedelplan, utarbeidd i tråd med plan- og bygningslova sine føresegner og dei føringar som er vedtatt i planprogrammet 04.06.14.

Planen dannar grunnlag for Jølster kommune si satsing innan feltet, og er ein føresetnad for å kunne søke om spelemidlar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

 

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2015-27 (PDF, 2 MB)

Sist endra 11.02.2015 av Hansen, Marte Bergum
 
 
Login for redigering