Klima

Klikk for stort bileteKommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vedtok i juni 2019 interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord 2019 - 2030.

Klimaomstilling er særleg relevant for kommunesektoren og handlar i stor grad om tiltak knytt til klimatilpasning, innkjøp, bygg, arealbruk, transport, jordbruk og avfall.

Hovudmålet for planen er:Klikk for stort bilete

Sunnfjord kommune – smartare, tryggare og grønare

Planen skal tydeleggjera satsingsområda for ei klimaomstilling i den nye kommunen, kva som må til for å nå desse og kven som har ansvaret for gjennomføringa.

Satsingsområde:

  • energiforsyning og energibruk i bygg
  • areal og transport
  • næringsliv og teknologi
  • landbruk
  • natur og friluftsliv
  • kritisk infrastruktur
  • forbruk og avfall
  • klimakunnskap og klimakommunikasjon
  • klimatilpassing

Vedtatt plan finn du under: