Helsestasjon

På helsestasjonen treff du: 

Helsesøster/ Fagleiar:
Kristin Kandal Ramslien, mob: 47276663 
Helsesøster:
Siv Anita Drageset, mob: 99202688
Jordmor:
Siv Indrebø, mob: 97054101
Psykiatrisk sjukepleiar:
Sol Hege Evebø, mob: 47486557
 
 

Helsestasjonen i Jølster kommune. - Klikk for stort bilete

Kvar finn du oss?

Vassenden helsestasjon ligg i kjellaretasjen på Vassenden omsorgssenter i enden av bygget mot Jølstravatnet.
 
Skei helsestasjon ligg i kjellaretasjen i kommunehuset på Skei med inngang ved NAV.
 

Trefftid:

Måndag til fredag kl 08.00 til 15.30
 
På helsestasjonen har vi fokus på førebyggjande og helsefremjande arbeid. Vi tilbyr oppfølgjing av spe- og småbarn på tilrådde alderssteg i samsvar med helsestasjonsprogrammet .
  • Heimebesøk til nyfødde
  • Konsultasjon på helsestasjonen når barnet ditt er 4 og 6 veker, 3 mnd, 4 mnd, 5 mnd, 6 mnd, 7/8 mnd, 10 mnd, 12 mnd, 15 mnd, 18 mnd, 2 år, 4 år, 5/6 år
  • Helsestasjonslege er tilgjengeleg ein dag i veka
  • Barnet ditt har rett til å få vaksiner etter vaksinasjonsprogrammet i Noreg .
  • Skulehelseteneste
 
Helsestasjonen syter for at du får time.
 

Jordmor:

Gravide kan ta kontakt med kommunejordmor Siv Indrebø, mob: 97054101 for timeavtale. Jordmor gjev svangerskapsomsorg i samråd med kommunelegane og Kvinneklinikken, Helse Førde.
 

Psykiatrisk sjukepleiar:

Gjennom individuelle støttesamtaler eller familiesamtaler ynskjer ein å sikre at barn/unge /familiar som strevar får den hjelp og oppfølgjing dei har behov for. Dette er eit førebyggjande lågterskeltilbod til den som ynskjer rask hjelp før vanskane vert for store. Psykiatrisk  sjukepleier jobbar i skulehelsetenesta, men er også tilgjengeleg på kontoret på helsestasjonen på Skei.
 
Ta kontakt med Sol Hege Evebø, mob: 47486557  for avtale.
 
Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 18.10.2017 13:11 av Nyborg-Christensen, Carl-Richard

Kontakt

bilde av personen: Kristin Ramslien
Fagleiar

 

 
 
Login for redigering