Skuleskyss

Skulebuss skilt - Klikk for stort bilete Etter opplæringslova har du som elev rett på gratis skuleskyss dersom avstanden mellom heim og skule, kortaste, «farande» veg er meir enn 2 km (1. klasse) eller 4 km (2.-10. klasse).
 
For elevar på vidaregåande skule er grensa 6 km. Funksjonshemma elevar som har behov for skyss får dette uavhengig av avstanden. Dette må dokumenterast med legeerklæring. 


 

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 19.01.2015 av Carl-Richard Nyborg-Christensen

Midlertidig skuleskyss

Det vert sett opp midlertidig skyss dersom ein elev har ein skade eller sjukdom som gjer det nødvendig med transport i ein periode for å kome til og frå skulen. Behovet for skyss skal dokumenterast med legeerklæring. 

Farleg skuleveg

Barna dine har ifølgje Opplæringslova §13-4 rett til skyss som grunnskuleelev på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg når avstanden heim-skule er under 2/4 km. 

Delt bustad 

Elevar som bur tilnærma likt hjå begge foreldra har rett på skuleskyss frå begge adressene dersom avstanden heim-skule er over 2, 4 eller 6 km. For å få skyss ved delt bustad må foreldra inngå avtale om dette.

Du kan finne meir informasjon om skuleskyss på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine heimesider.

Kontakt

bilde av personen: Lise  Toverud
Kommunalsjef

 

 
 
Login for redigering