SFO

Vassenden skule - Klikk for stort bilete Skulefritidsordning (SFO) er et tilbod for barn frå 1. - 4. klasse, og for barn med spesielle behov frå 1. - 7. klasse. 

Du kan få tilbod om SFO både ved Skei skule og Vassenden skule

Grunna overgong til nytt system som ikkje er klart må vi be om at dei som skal søke plass på SFO skuleåret 2018/2019 nyttar skjemaet og leverer til SFO-leiar. Det kan også scannast og sendast til rgf@jolster.kommune.no /inger.elin.egge@jolster.kommune.no

SFO Skjema 2018 og 2019 (PDF, 24 kB)

 

Søknadsfrist er 1.mai 2018 

Ved SFO skal ditt barn få eit variert fritidstilbod. Barnet ditt vil få vere med på frivillige og styrte aktivitetar inne og ute. Barnet vil få både omsorg og tilsyn.

Målet for arbeidet i SFO er forankra i statlege dokument, og vedtektene for SFO i Jølster kommune (PDF, 778 kB). SFO er ein del av skulen si samla verksemd. Vi jobbar for heilskap og samanheng mellom skule og fritidsdel. 

Tilbod Innhald prisar
Betalingssatsar SFO frå 15.01.2019
A - tilbod 1. og 2. klasse Før og etter skuletid +feriar i skuleåret 2910,-
A - tilbod 3. og 4. klasse Før og etter skuletid +feriar i skuleåret 2770,-
B - tilbod 20 - 26 timar per veke 2600,-
C - tilbod 15 - 20 timar per veke 2240,-
D - tilbod 10 - 15 timar per veke 1830,-
E - tilbod 0 - 10 timar per veke 1320,-
Sommartilbod Tilbod 4 veker 3480,-
Sommartibod Ei heil veke 1110,-
Kjøp av enkeltdagar   320,-

Gebyr

Gebyr for å hent forseint per gong 110,-

Kontakt

bilde av personen: Randi G. Fagerheim
SFO leiar - Vassenden
  • Tlf: 57 72 65 57
  • Mob: 94 79 30 64
  • E-post: