Barnevern

Helsestasjonen - Klikk for stort bilete Barneverntenesta skal sikre forholda barn lever under. Skal førebyggje omsorgssvikt og åtferdsproblem. Har spesielt ansvar for å prøve å avdekke omsorgssvikt, åtferds-, sosiale og emosjonelle vanskar så tidleg at varige problem kan unngåast, og setje inn tiltak i forhold til dette.

Tiltaka skal vere til beste for barnet.

Alarmtelefon for barn og unge -  116 111

Alarmtelefon for barn og unge - Klikk for stort bilete

  • Alle barn og unge skal ha eit nummer dei kan ringe når dei opplever vald i heimen, er utsatt for overgrep, er redd for tvangsgifte eller opplever andre akutte og vanskelege situasjonar
  • Nødtelefonen 116 111 er gratis
  • Alle telefonar blir besvart av vaksne som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge
  • Også vaksne som er bekymra for barn og unge – eller har mistanke om at dei vert utsett for vald og overgrep kan ringe Alarmtelefonen 116 111

Melding til Barneverntenesta:

  • Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling.
  • Private t.d. familie, vener og naboar, kan og melde bekymring til barneverntenesta.

Skjema for melding:


Skjema for offentleg meldar (PDF, 156 kB) Skjema for privat meldar (PDF, 63 kB)

 

 

 

Ansvaret for barnevernet ligg under Tenesteeininga NAV


Barnevernet skal snarast, og seinast innan ei veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Lov om barneverntjenester §§ 4-2 og 4-3.

barnevern
KontaktpersonarMobilnrepost
Dagrunn99202680dagrunn.thingnes@nav.no
Monica99202678monica.skeide@nav.no
Jostein99202681jostein.grov@nav.no
Tove Lisetove-lise.gaare.mo@nav.no
Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 14.10.2015 av Carl-Richard Nyborg-Christensen

Kontakt

bilde av personen: Dagrun Thingnes
Barnevernsleiar/Rettleiar

 

bilde av personen: Jostein Grov
Sosialkonsulent

 

Teneste (1)
 
 
Login for redigering