Stardalen barnehage

Stardalen barne er ein liten foreldreeigd barnehage. Her er plass til 16 ungar, og foreldra er opptekne av kvalitet så vi er godt bemanna og har to-pedagog system. Dette gjer at vi får god tid til kvart enkelt barn, som igjen fører til ro og harmoni!    

Stardalen barnehage - Klikk for stort bilete

Naturbarnehage

Stardalen barnehage er ein naturbarnehage! Det vil sei at det alltid er fokus på naturen og det å vere og lære ute, med naturen som hjelpemiddel.

I dei flotte omgjevnadane som dei har, innbyr det til aktivitet ute i det fri! Rett utan for barnehagen er det ein flott naturleikeplass, denne er heilt ny! Og iløpet av dei komande åra skal dei utvikle den vidare, i samarbeid med barna! 

Elles er dei opptatt av å nytte «her-og-no-situasjonar», det å gripe augeblikka når dei er der og å sjå kva barna ynskje å studere meir. Meir informasjon finn du på: barnehagen.stardalen.no

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 30.01.2015 14:05 av Nyborg-Christensen, Carl-Richard
 
 
Login for redigering