Barnehage

Klikk for stort bilete

Nytt barnehagesystem i Jølster frå 01.01.19

Frå og med 1.1.2019 vil Jølster kommune byte barnehagesystem frå IST til Visma flyt barnehage. Det vil vere Visma flyt barnehage de skal bruke når de søkjer om barnehageplass, endre eksisterande barnehageplass eller seie opp ein barnehageplass. Visma flyt barnehage vil gjelde for både kommunale og private barnehagar i Jølster kommune.

Frist for å søkje om auke eller reduksjon i barnehageplass, som gjeld for august 2019, er 1. februar.

I og med at Jølster kommune innfører nytt system, må alle som har ein barnehageplass og som står på venteliste til ein annan barnehage, søkje på nytt. Ta kontakt med barnehagen din om du har spørsmål.

I dette skrivet vil du få informasjon om korleis du loggar deg inn på føresettportalen og korleis du kan leggje inn søknad om barnehageplass.

Søknadsfristen for hovudopptaket i Jølster kommune er 1. mars.

I Jølster kommune er det 2 kommunale og 3 private barnehagar. 

Skei barnehage og Langhaugane barnehage er drive av kommunen.

Vassenden barnehage, Ålhus barnehage og Stardalen barnehage er private barnehagar drive av foreldrelag, forening e.l. med tilskot frå kommunen.

søk/svar på barnehageplass

Jølster kommune har vedtekter for kommunale barnehagar. Dei finn du her (PDF, 256 kB).

Du får svar elektronisk

Tilbodet om barnehageplass får du via e-post. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som for søknaden om barnehageplass. Ha klar BankID, MinID eller anna pålogging. 

 

Søker du innan 1. mars får du svar på søknaden i mars/april. 

 

Jølster kommune har vedtekter for kommunale barnehagar. Dei finn du her (PDF, 256 kB).

Jølster kommune legg vekt på at barnehagen skal gje borna eit godt oppvekstmiljø, der dei kan utvikle personlegdom, evner, toleranse og omsorg for andre. Vi har eit mål om at barnehagen skal gje borna eit allsidig leike- og aktivitetstilbod i eit trygt og stimulerande miljø, og i samsvar med rammeplan for barnehagen.

Matpengar: Samarbeidsutval i den einskilde barnehage fastset sats for matpengar ut frå kva måltid barnehagen har. 

 

Redusert foreldrebetaling i barnehage:

Det er kome to moderasjonsordningar for hushaldningar med låg inntekt, redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for 4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart. Foreldre/føresette må søkje for å kome inn under ei av ordningane.

Reglar for redusert foreldrebetaling

Søknad om redusert foreldrebetaling (PDF, 541 kB)

 

 

Betalingsatsar for barnehage 2019: 

Tilbod Frå 15.01.19 Frå 15.08.2019 Søskenmoderasjon
100% 2990,- pr. mnd 3040,- pr. mnd 30% for søsken nr 2 og
50% for søsken nr 3
eller fleire.
80% 2760,- pr. mnd 2800,- pr. mnd
60% 2190,- pr. mnd 2240,- pr. mnd
50% 2060,- pr. mnd 2110,- pr. mnd
40% 1820,- pr. mnd 1870,- pr. mnd
Gebyr for å
hente for seint
kr 110, pr. 
gong
 
Betaling for enkeltdagar 320,-  
 
 Kart : Barnehagar

 

Kontakt

bilde av personen: Lise  Toverud
Kommunalsjef
  • Tlf: 57 72 61 02
  • Mob: 95 11 51 61
  • E-post: