Starte næringsverksemd

Kjøsnesfjorden frå Grovanipa - Klikk for stort bilete Starte næringsverksemd i Jølster? Går du rundt med tankar om å starte di eiga verksemd og er usikker på korleis du skal gå fram? Kanskje du også treng litt hjelp til å teste ut om idéen din verkeleg er liv laga?

Næringsfondet

Det er styret i Sunnfjord Næringsutvikling (SNU) som frå 2012 handsamar søknader om støtte til næringsutvikling i Jølster. SNU og er nærings- og reiselivsapparatet til kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster og har kontor i Hafstadvegen 34, (Bergegården) i Førde. Føremålet til selskapet er å arbeide aktivt opp mot kommunane og næringslivet for å fremje vekst innan næringsutvikling og reiseliv i regionen.

"Spesialtilbod" til ungdom

Er du under 35 år og vil etablere ny bedrift i Jølster kan du søke om eit oppstartingstilskot på kr. 25.000. Dette har vi innført for å stimulere til at ungdom skal etablere seg i Jølster. For å få eit slikt tilskot er kravet at du og bedrifta di er lokalisert i Jølster kommune og at du gjennomfører kurs i etableraropplæring.

Korleis søkje

Søknad om støtte skal sendast Sunnfjord Næringsutvikling før prosjektet vert sett i gang. Søknaden må vere innanfor bestemte kapitalgrenser (sjå retningslinene under). Søknader som går ut over desse rammene blir sendt vidare til Innovasjon Norge med ei evt. tilråding frå SNU og/eller kommunen.
Kontaktinformasjon:
Telefonnummer: 57 72 19 55/53
E-post: frode@sunnfjord.no
Heimeside: www.sunnfjord.no/snu
Link til retningsliner og søknadsskjema: http://snu.sunnfjord.no/?page_id=89

Du kan også kontakte Jølster kommune sin næringskonsulent Laila Bergheim Ommedal. Ho kan hjelpe deg og gje råd i nært samarbeid med SNU. Når det gjeld landbruk og tilleggsnæring til landbruk er det landbrukssjef Joar Helgheim som er kontaktperson. Desse to veit også kven du bør kontakte for å få råd og hjelp av andre, som til dømes Innovasjon Norge.

Ta kontakt!

Har du ein idé som du ynskjer å diskutere så ikkje nøl med å ta kontakt, anten med Sunnfjord Næringsutvikling i Førde eller med oss på kommunehuset på Skei.  

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 02.02.2015 av Carl-Richard Nyborg-Christensen
 
 
Login for redigering