Næringsfondet

Går du med planar om å starte næringsverksemd i Jølster eller ynskjer du å vidareutvikle den verksemda du allereie har? I tilfelle kan du kontakte Sunnfjord Næringsutvikling som kan hjelpe deg vidare. 

Næringsfondet
Det er styret i Sunnfjord Næringsutvikling (SNU) som handsamar søknader om støtte til næringsutvikling i Jølster. SNU og er nærings- og reiselivsapparatet til kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster og har kontor i Hafstadvegen 42, (Rådhuset) i Førde. Føremålet til selskapet er å arbeide aktivt opp mot kommunane og næringslivet for å fremje vekst innan næringsutvikling og reiseliv i regionen.

"Spesialtilbod" til ungdom
Er du under 35 år og vil etablere ny bedrift i Jølster kan du søke om eit oppstartingstilskot på kr. 25.000. Dette har vi innført for å stimulere til at ungdom skal etablere seg i Jølster. For å få eit slikt tilskot er kravet at du og bedrifta di er lokalisert i Jølster kommune og at du gjennomfører kurs i etableraropplæring.

Korleis søkje :
Søknad om støtte skal sendast Sunnfjord Næringsutvikling før prosjektet vert sett i gang. Søknaden må vere innanfor bestemte kapitalgrenser (sjå retningslinene under). Søknader som går ut over desse rammene blir sendt vidare til Innovasjon Norge med ei evt. tilråding frå SNU og/eller kommunen.
Kontaktinformasjon:
Telefonnummer: 57 72 19 55/53
E-post: post@sunnfjord.no

Heimeside: www.sunnfjord.no/snu
Link til retningsliner og søknadsskjema

Når det gjeld landbruk og tilleggsnæring til landbruk er det landbrukssjef Joar Helgheim som er kontaktperson. Han veit også kven du bør kontakte for å få råd og hjelp av andre, som til dømes Innovasjon Norge.


Ta kontakt!
Har du ein idé som du ynskjer å diskutere så ikkje nøl med å ta kontakt, anten med Sunnfjord Næringsutvikling i Førde eller med oss på kommunehuset på Skei.


 

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 18.04.2016 av Laila Bergheim Ommedal

Kontakt

 

 
 
Login for redigering