Skogfond

Skogsmaskin i arbeid - Klikk for stort bilete

Alle skogeigedomar har ein eigen skogfondskonto. Når du som skogeigar sel tømmer, skal mellom 4 % og 40 % av tømmerverdien setjast av til skogfond (heimla i skoglova).
 
Skogfondet tilhøyrer skogeigedomen, og skal brukast der til investeringar. Når du investerer ved hjelp av skogfond, oppnår du ein betydeleg skattefordel. Det vil sei at du får dekka ein god del av investeringskostnadene gjennom redusert skatt. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond.
 
Skogbrukets Kursinstitutt har ein "skogfondskalkulator" på sine nettsider (www.skogkurs.no). Her kan du rekne ut effekten av dine eigne avsetnader til skogfond.
 
Planlegg aktivitetane dine og set av nødvendig skogfond ved hogst!
 
Utfyllande informasjon om skogfond finn du hjå landbruksdirektoratet

 

Skogfond kan nyttast til:

  • Skogkultur, som planting og ungskogpleie
  • Nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar, samt ombygging av velteplassar
  • Vedlikehald av skogsbilvegar og velteplassar
  • Meirverdiavgift
  • Miljøtiltak, som pleie av kantsoner i skog
  • Skogbruksplan
  • Skogforsikring
  • Grensearbeid i utmark
  • Kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
  • Bioenergitiltak
Publisert av Solfrid Trå. Sist endra 26.08.2015 av Solfrid Trå

Kontakt

bilde av personen: Solfrid Trå
Naturforvaltar

 

 
 
Login for redigering