Bu- og driveplikt

Sauer på beite i Sandalen - Klikk for stort bilete

Den som overtek ein landbrukseigedom konsesjonsfritt på grunn av slektskap eller odel har 5 års bu- og driveplikt. Ein må busetje seg på eigedomen innan eitt år etter overtakinga. Dersom ein ikkje kan/vil innfri buplikta, kan ein søkje om fritak. Ein kan òg søkje om fritak frå driveplikta. Dersom ein ikkje får fritak må ein selje/overdra eigedomen til nokon som vil flytte til eigedomen. 

Bu- og driveplikt gjeld for eigedomar som er større enn 100 dekar eller der meir enn 35 dekar er dyrka jord, dersom det er bygningar på eigedomen.

Det er ikkje noko skjema for søknad om fritak for bu- og driveplikta. Ein må sende brev til kommunen for å søkje om dette.

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 22.12.2017

Kontakt

bilde av personen: Joar Helgheim
Tenesteleiar Næring og miljø
  • Tlf: 57726121
  • Mob: 99 20 26 64
  • E-post: