Kjøsnesfjordfondet

Planlegg du tiltak for å fremje fiske, vilt eller friluftsliv i kommunen? Treng du økonomisk støtte for å få realisere slike tiltak? Då kan du søkje om tilskot frå Kjøsnesfjordfondet.

Fondet

Fondet vart oppretta i samband med utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk. Det er konsesjonæren som betalar inn eit årleg beløp til fondet som ein kompensasjon for dei tapa ålmenta har som følgje av utbygginga. Fondet kan nyttast til å fremje fisket, viltet og friluftslivet i og rundt Kjøsnesfjorden, men også i Jølstravatnet. Tiltak som har med fisk vert prioritert ved stor søknadspågang.

Korleis søkje:

Søknad om støtte skal sendast Jølster kommune. Utval for plan og utvikling handsamar søknadene to gonger i året (vår og haust). Søknadsfristar vert annonsert på kommunen si heimeside.

Søknaden må vere i tråd med retningslinjer for bruk av fondsmidlar. Søkjarar kan vera lag, organisasjonar, einskildpersonar eller kommune.

Retningslinjene for Kjøsnesfjordfondet (PDF, 281 kB)

11893757_10152915488446114_622461718404412697_o.jpg - Klikk for stort bilete Laila B. Ommedal

Publisert av Solfrid Trå. Sist endra 16.01.2017 av Solfrid Trå
 
 
Login for redigering