Hjorteviltforvaltning

Hjortehorn - Klikk for stort bilete Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området der jakta skal foregå) godkjennast. 

Valdet skal vere samanhengane og kan bestå av ein eller fleire eigedomar. Kommunen er ansvarleg for godkjenning av hjortevald og tildeling av fellingsløyve/godkjenning av bestandsplanar.

Utfyllande informasjon, regelverk mm finn du på hjorteviltportalen

For å kunne starte hjortejakt i eit område må ein søkje til kommunen for å få valdet godkjent. Minstearealet er 1000 daa samanhengane areal.

Jakttida på hjort er frå  1. september til 23. desember. Skal du jakte hjort må ein ha teke jegerprøve, avlagt årleg skyteprøve og betalt jegeravgift.

Sentrale dokument:

 

Måldokument - Forvaltning av hjort i Jølster 2016-2020 (PDF, 7 MB)

Vedlegg 1 - kommunalt måldokument hjort 2016-2020 (PDF, 31 kB)

Vedlegg 2 - kommunalt måldokument hjort 2016-2020 (PDF, 139 kB)

Vedlegg 3 - Fagrapport omr 10 jølster Vest (PDF, 330 kB)

Vedlegg 4 - Fagrapport omr 13 Jølster Aust (PDF, 795 kB)

 

Fellingsløyve

Kommunen tildeler fellingsløyver til vald som ikkje er med i eitt bestandsplanområde. Bestandsplanområder søkjer kommunen om å få godkjent 3 årige bestands- og avskytingsplaner.

Felling av dyr som gjer skade må det søkjast særskilt om. Felte dyr går av den tildelte kvoten til valdet.

Viltfondet

Kommunen handsamar søknader om tilskot frå det kommunale viltfondet.

Jegerprøven

Kommunen er ansvarleg for gjennomføring av skriftleg eksamen.

Meir informasjon om jegerprøven  finn du her.

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 04.03.2016 av Solfrid Trå

Kontakt

bilde av personen: Solfrid Trå
Naturforvaltar

 

 
 
Login for redigering