Fiske- og friluftslivsfond

Planlegg du tiltak for å fremje fiske eller friluftsliv i kommunen? Treng du økonomisk støtte for å få realisere slike tiltak? Då kan du søkje om tilskot frå Kjøsnesfjordfondet og Jølstrafondet.

Kjøsnesfjordfondet

Fondet vart oppretta i samband med utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk. Det er konsesjonæren som betalar inn eit årleg beløp til fondet som ein kompensasjon for dei tapa ålmenta har som følgje av utbygginga. Fondet kan nyttast til å fremje fisket, viltet og friluftslivet i og rundt Kjøsnesfjorden, men også i Jølstravatnet.

 

Jølstrafondet

Fondet vart oppretta i samband med utbygging av Jølstra kraftverk. Det er konsesjonæren som betalar inn eit årleg beløp til fondet som ein kompensasjon for dei tapa ålmenta har som følgje av utbygginga. Fiskefondet skal nyttast for å fremje avbøtande tiltak i høve aurebestand, motverke spreiing av øyrekyte og ta i vare sports- og friluftsfiske. Tiltak og prosjekt som støttast må vere lokalisert i Jølster (innanfor kommunegrensa av 2019) eller langs Jølstra.

 

Korleis søkje:

Søknad om støtte skal sendast Jølster kommune. Utval for plan og utvikling handsamar søknadene to gonger i året (vår og haust). Søknadsfristar vert annonsert på kommunen si heimeside.

Søknaden må vere i tråd med retningslinjer for bruk av fondsmidlar. Søkjarar kan vera lag, organisasjonar, einskildpersonar eller kommune.

 

Klikk for stort bilete Laila B. Ommedal