Spelemidlar

Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlar skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Det kan søkjast om tilskott til

  • nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett
  • rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til skule- og buområde)

Kulturdepartementet gir kvart år i juni/juli ut Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Her finn du bestemmelsane om krav til søknad og søknadsprosess.

Årshjul

Årshjul spelemiddel - Klikk for stort bilete

Kriterium

For idrettsanlegg med tilskot av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Anlegget må vere med i ein vedtattkommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv som alle lag og organisasjonar har høve til å gje innspel til. Det er viktig at du melder inn anlegget ditt så tidleg som mogleg så prosessen med å søkje spelemidlar ikkje stoppar opp før den har starta!
  • Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis
  • Anlegget skal ha universell utforming (vere tilgjengeleg for personar med rørsle- og orienteringsvanskar)

For nærmiljøanlegg med tilskot av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv som alle lag og organisasjonar har høve til å gje innspel til. Det er viktig at du melder inn anlegget ditt så tidleg som mogleg så prosessen med å søkje spelemidlar ikkje stoppar opp før den har starta!
  • Anlegget skal vere eit utandørsanlegg som ligg fritt og allment tilgjengeleg, gjerne i tilknyting til skule-/buområde
  • Anlegget skal ikkje dekkje behov for organisert idrettsaktivitet og vanlege idrettskonkurransar
  • Reine reidskapsleikeplassar (sandkasser, husker osb.) fell utanfor ordninga
  • Anlegget skal ha universell utforming (vere tilgjengeleg for personar med rørsle- og orienteringsvanskar)

Målgruppe

Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av mellom anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeininger og burettslag.

Korleis du går fram

  1. Anleggsnummer: Før du søkjer må du kontakte kommunen for å få tildelt eit anleggsnummer.
  2. Det bør opprettast ein eigen konto for anlegget: Det gjer jobben med rekneskap og oversikt over kostnader knytt til anlegget enklare. Alle som søkjer om spelemidlar er rekneskapspliktige og skal levere dette for å få utbetalt eit eventuelt tilskot.
  3. Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning: Anlegget må vere idrettsfunskjonelt førehandsgodkjent. Dette er ein idrettsfagleg sjekk av anlegget og kan gjereast av kommunen. 
  4. Rett til bruk av grunn: Bestemmelsane i føresegnene seier at store anlegg skal vere opne for aktivitet i minimum 30 år etter at dei er oppført/anlagt. For nærmiljøanlegg er dette 20 år. Det betyr at du må sikre deg at du har ein tinglyst avtale på plass med eigar av grunnen før du kan søkje om spelemidlar. Eig du grunnen sjølv kan du legge ved ei utskrift frå grunnboka. Er det kommunen som eig grunnen må du legge ved ein avtale som gir deg rett til bruk av den.
  5. Finansiering av anlegget: må vere fullstendig dokumentert, det kan gjerast ved at ei kontoutskrift blir lagt ved søknaden.
  6. Dugnad: Verdien på dugnad kan brukast som finansieringsgrunnlag. Ein fagperson (entreprenør, handtverkar) må dokumentere at din organiasasjon har kompetanse til å utføre arbeidet og verdien (eks moms) på arbeidet som skal utførast på dugnad.
  7. Kostnadsoverslag: Eit detaljert kostnadsoverslag må utarbeidast. I tillegg til det anlegget kostar kan du legge til 5% i administrasjonskostnader. Totalkostnaden dannar grunnlag for søknadssummen.
  8. Plan for drift av anlegget: Både små og store anlegg må legge ved ei plan for drift og vedlikeghald av anlegget.
  9. Universell utforming: Alle anlegg skal vere slik utforma at alle, uansett handicap eller fysiske utfordringar, skal kunne ha tilgang til det.
  10. Meld inn plan om nytt anlegg til kommunen så fort du er i gang: Kommunen kan hjelpe deg i søknadsprosessen og vil gjerne ha oversikt over anlegga det blir jobba med. Dette også for å sikre at anlegget ditt er med, eller blir tatt inn, i Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Dette er eit krav for at du kan få søknaden din godkjend.

Jølster kommune har laga ein informasjonsbrosjyre om søknadsprosessen på spelemidlar. Den finn du her (PDF, 540 kB).

Søknadsskjema

Mottakar

Skjemaet sendast til kommunen, som behandlar søknaden og sender han vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Fylkeskommunen gjennomgår og godkjenner søknadane og sender dei vidare til Kulturdepartementet innan 15. mars. Svaret på søknaden din får du frå fylkeskommunen i løpet av juni kvart år. 

Sist endra 20.04.2016 av Ommedal, Laila Bergheim
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering