Sals- og skjenkeløyve for alkohol

Tenestekontoret - Klikk for stort bilete Oskar Andersen

Dersom du ønskjer å selje eller skjenke alkohol, må du først søkje om sals- eller skjenkeløyve. Det er kommunen der alkoholen skal seljast eller skjenkast, som kan gi slike løyve. 

 

Meir infomasjon  finn du i Jølster kommune sin nye ruspolitiske handlingsplan for 2016-2020 (pdf, 3MB) (PDF, 2 MB)

Ambulerande skjenkeløyve

Kommunestyret kan gje eit eller fleire skjenkeløyve som ikkje er tildelt ein bestemt person eller skjenkestad, dette vert kalla ambulerande skjenkeløyve.

Jølster kommune har to ambulerande skjenkeløyve som ein kan nytte ved enkeltarrangement. 

Du kan levere søknaden til tenestekontoret. NB ! Søknadsfrist er 14 dagar før arrangementet.

Søknad om ambulerande skjenkeløyve (PDF, 15 kB)

 

Skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Ordinære skjenkeløyve vert tildelt av kommunen for inntil 4 år om gongen og følgjer kommunestyreperioden.

Som ny eigar av serveringsstad kan du drive vidare på det gamle løyvet i 3 månader så lenge serveringsstaden ikkje er konkurs og kommunen har fått melding. Om serveringsstaden er konkurs må du ha nytt løyve frå fyrste dag. Ved skifte av styrar og avløysar må ein ha ny godkjenning frå kommunen.

Søknad om skjenkeløyve for alkohol (PDF, 21 kB)

 

Salsløyve for alkoholhaldig drikk

Kommunalt salsløyve for alkohol vert tildelt av kommunen for inntil 4 år om gongen og følgjer kommunestyreperioden. Salsløyvet gjeld for sal av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7% alkohol.

Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda, men verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det vert søkt om nytt løyve så snart råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Søknad om salsløyve skal opp til politisk handsaming i kommunestyret.

Søknad om salsløyve for alkahol (PDF, 19 kB)

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 30.06.2016 av Svanhild Røkenes

Kontakt

bilde av personen: Svanhild Røkenes
Førstekonsulent

 

 
 
Login for redigering