Støtte til lokale transportmidlar

E39 Bjørset - Skei.jpg - Klikk for stort bilete

LTU-midlane skal brukast til lokale transporttilbod for alle grupper av ungdomar i alderen 13-19 år, også for ungdomar med funksjonshemmingar.
Midlane kan brukast til lokale transporttilbod i samband med ungdomstreff og ungdoms-arrangement, t.d. under «Din Jølsterdag», og i høve trenings- og fritidsaktivitetar. Ved knappheit på LTU-midlar skal midlane prioriterast til ungdomsarrangement og trenings- og fritidsaktivitetar innanfor Jølster kommune. Transporttilboda skal basere seg på bestillingar der oppslutnaden alltid er avgjerande for om ruta går. Som hovudregel må minst 5 personar ha bestilt for at drosjen skal gå. 
 
Korleis søkjer du?
 
Bruk skjema det er lenkja til. Send søknad i lag med betalt rekning til kommunen si adresse, så vert den handsama så snart som råd. Kommunen betalar ut midlar direkte til søkjar. Ved knappheit på midlar er det ikkje sikkert at ein kan løyve midlar til alle tilbod det vert søkt om, dette må takast omsyn til før ein organiserer transport.
 
 
Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 24.11.2017 av Carl-Richard Nyborg-Christensen

 
 
Login for redigering