Tilbod |
satsar |
Betalingssatsar Jølster kulturskule frå 15.1.2018
Instrumentalundervisning |
2840,- |
Gruppespel |
2360,- |
Måleri, keramikk |
2360,- |
Drama/teater |
2050,- |
Dans |
2050,- |
Skapande skriving |
2050,- |
Instrumentalundervisning for vaksne |
5000,- |
Leikarring v/ Eikås ungdomslag |
|
Avgift for utstyr til biletkunst |
330,- |
Undervisninga følgjer skuleruta; det vil seie at kulturskulen har undervisning/fri når grunnskulen har undervisning/fri, og vi nyttar måndag, tysdag, onsdag og torsdag på ettermiddagstid til dette. Det er praktisk og lurt at foreldra organiserer køyring og henting i samarbeid med kvarandre.
Undervisningstida tek utgangspunkt i eit delingstal på 3, slik at f.eks. 3 elevar i løpet av 60 minutt får 20 minutt undervisning kvar, men det er avhengig av organiseringa av kvart einskild tilbod korleis dette blir lagt opp. Vi nyttar og ordningar med 2 elevar pr. 30 min. / 4 elevar pr 60 min. Nokre tilbod krev enno større grupper.
Det er vanleg at elevane nyttar eigne instrument. Kulturskulen har nokre få instrument til utlån. Det vil nok gå enno nokre år før vi kan skryte av ein sømeleg instrumentpark, men vi har eit godt samarbeid med skulane, korpsa og andre lag som hjelp oss i einskilde høve. Når det gjeld fele, klarinett, keyboard og gitar er dette mogleg å få leige. Elles kan kulturskulen gje råd ved kjøp av instrument.
Link til Junioravisa
Hallstein Dvergsdal