Dagsturhytta Fjellro

Dagsturhytta i Jølster ligg ved stien opp til Fygladalen, ca 30 minutt å gå opp frå rundkøyringa på Skei.Stiar til Dagsturhytta 1 - Klikk for stort bilete  Her kan du sjå dei ulike sti-alternativa som du kan velgje:

Fjellro, som namnet på hytta er, ligg fritt og flott til med god utsikt over til Kjøsnes og Jølstravatnet. Hytta er open for alle til å bruke og er utstyrt med solcellepanel som gjer at den kan nyttast også etter at det har blitt mørkt ute. Til våren vil Fjellro bli utstyrt med eit eige turbibliotek med bøker for lesarar i alle aldrar.

Inne i hytta finn du flotte sitteunderlag som flinke damer i Jølster har laga, vi har og fått puter og strikka tøflar pluss nokre matter til golvet. Det er fint om du kan bruke skoovertrekk på beina når du går inn, det vil gjere at behovet for reinhald blir minimalt.

Fjellro 1 - Klikk for stort bilete Fjellro - Klikk for stort bilete