Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologi som har til føremål å støtte og forsterke tryggleik, sikkerheit, mestring, medverknad og livskvalitet til brukarane.

Velferdsteknologi vert delt inn i fire hovudområde:

  1. Tryggleiks- og sikkerheitsteknologi
  2. Kompensasjons- og velværeteknologi
  3. Teknologi for sosial kontakt
  4. Teknologi for behandling og pleie

Kva kan vi tilby?

  • Dørsensor som vil varsle dersom dør vert opna
  • Sengematte som varslar t.d. uønska fråver frå seng
  • Stolmatte som varslar når personen røyser seg frå stol
  • Rørslesensor som fungerar slik at aktivitet vert oppfatta av sensoren
  • Mattealarm
  • Epilepsialarm
  • Ringeknapp (tradisjonell tryggleiksalarm)
  • Elektronisk medisindispensar
  • Fallsensor
  • Fallsensor med GPS og tovegskommunikasjon

Dette er berre eit utval av det vi kan tilby, ta kontakt for meir utfyllande informasjon. Alle tekniske produkt vert individuelt tilpassa, og kan koblast slik at dei kommuniserer og varslar dersom ei uønska hending skjer. Varslinga går til alarmsentralen med vidare varsling til pårørande eller heimetenesta. På omsorgssentera går varslinga direkte til personalet. 

Kven kan få tilbodet?

Velferdsteknologi er eit av fleire tilbod som helse og omsorgstenesta i kommunen gjev til innbyggjarar i alle aldersgrupper.

Velferdsteknologi kan vere til hjelp dersom du:

  • Har nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne.
  • Har svekka sansar. (t.d. nedsett hørsel, syn )
  • Har kognitiv svikt.
  • Har hatt fall og/eller har falltendens.
  • Tryggare i eigen heim
  • Auka mogelegheit til å klare seg sjølv, og kunne bu lengre heime
  • Avlastning og støtte til pårørande

Eg ynskjer å prøve Velferdsteknologi - kva gjer eg?

• Du søkjer på

 

 

• Helse- og omsorgstenesta vurderer søknaden og avtalar heimebesøk. Ha gjerne med deg pårørande under dette besøket

• Etter avtale kjem det ein person frå helse -og omsorgstenesta heim for å avtale tilpassing av velferdsteknologi.

Dersom du har spørsmål eller treng hjelp til søknaden. Ta kontakt med kommunen.

 

Kontaktpersonar i kommunen:

 

  1. Liselotte Norman tlf 57726473/91658194 epost: liselotte.norman@jolster.kommune.no
     
  2. Heidi Husetuft Flatjord tlf 57726163/40030439 epost: heidi.flatjord@jolster.kommune.no​​​​​​​