Tryggleiksalarm

Bur du åleine og kjenner deg utrygg, kan du søkje om tryggleiksalarm. Tryggleiksalarmen er kobla til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimetenesta når alarmen vert utløyst.Heimetenesta rykkjer ut på alarmar på dag og kveld. Om natta vert pårørande, vener eller naboar kontakta etter avtale.

Tryggleiksalarm kostar kr. 288,- pr. månad.(frå 2017)

Søk om tryggleiksalarm (DOC, 45 kB)

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tryggingsalarm, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Publisert av Siv Kjøsnes. Sist endra 01.02.2017 av Siv Carlsen Kjøsnes
 
 
Login for redigering