Samhandling med Helse Førde

 

 

Informasjon om avvik - uønska hendingar

 

 

Koordineringsrådet har vedteke ei felles ordning for melding av avvik og uønska hendingar knytt til samhandling. For å få eit godt samarbeid, kvalitetsforbetring og læring, er det viktig å melde frå om avvik og uønska hendingar internt i kommunen, i Helse Førde og mellom kommunane og Helse Førde.

Det er utarbeidd eit skjema for melding om avvik / uønska hending med framlegg til forbetringstiltak som bør nyttast. Skjema er å finne på nettsidene til Helse Førde og kommunane.

Melding om avvik og uønska hending til Helse Førde skal sendast til:

  • Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde
  • e-post: post@helse-forde.no. NB! Sensitiv informasjon skal ikkje sendast i e-post, men pr. brev.

Melding om avvik og uønska hending til Jølster kommune skal sendast til:

Melding om avvik og uønska hending vert registrerte i Helse Førde sitt avvikssystem Synergi og i kommunen sine avvikssystem. Utskrift av helseføretaket og kommunane si handsaming av saka, vert sendt til meldar i helseføretaket/aktuell kommune når saka er ferdig handsama.

 

Skjema for melding av avvik og uønska hendingar.docx

 

Kva skal meldast

Avvik som gjeld mangel på oppfylling av krav i

  • Gjeldande lover og forskrifter
  • Prosedyrer, retningsliner og rutinar

Uønska hending eller tilstand som har ført til eller kunne ha ført til skade.

Det er avvik og uønska hendingar som gjeld samhandlinga mellom partane som skal meldast i dette systemet.

Kategorisering

Melde avvik og uønska hendingar vert kategoriserte i følgjande hovudkategoriar:

A: Hending ved innlegging

B: Hending ved opphald i spesialisthelsetenesta

C: Hending ved utskriving

D: Hending ved opphald i kommunen

E: Behandlingsmessige forhold

Når eit avvik eller uønska hending skjer:

Meldar skriv omtale av avvik/uønska hending i skjema og sender til Helse Førde/aktuell kommune saman med følgjebrev. Følgebrev ved melding.docx

Mottakar registrerer avviket/uønska hending i eige avvikssystem og sender saka til aktuell avdeling/eining for handsaming av saka.

Aktuell avdeling/eining som har handsama saka, sender tilbakemelding til meldar med vurdering av det aktuelle avviket/uønska hendinga og kva kvalitetstiltak som er sett i verk. Brev etter handsaming.docx

Det vert utarbeidd rapportar over samhandlingsavvik til handsaming i fagrådet og koordineringsrådet. Rapportane til koordineringsrådet vert lagt på Samhandlingsbarometeret.

Les rapport om bakgrunn for og innhald i ny ordning her: Felles ordning for avvik og uønska hendingar - rapport 21.04.14.docx

 

 

Publisert av Siv Carlsen Kjøsnes. Sist endra 16.02.2015 av Siv Carlsen Kjøsnes
 
 
Login for redigering