Vassenden skule
Tysdag |
kl 09:00-14:00 |
Psykiatrisk sjukepleiar |
|
Onsdag |
kl 09:00-12:00 |
Kristin Kandal Ramslien, helsesøster |
Tlf: 47 27 66 63 |
Skei skule
Måndag |
kl 13:00-15:00 |
Siv Anita Drageset, helsesøster |
Tlf: 99 29 26 88 |
Måndag |
kl 13:00-15:00 |
Psykriatisk sjukepleiar |
|
.
Merk: Helsesøster har kontortid måndag oddetalsveke og psykiatrisk sjukepleier partalsveke.
NB: Vi er også tilgjengelege utanom desse tidene. Vi formidlar kontakt med lege etter behov.
Helseteneste for ungdom i Jølster
Helseteneste for ungdom er eit supplement til skulehelsetenesta og rettar seg mot ungdom opp til 20 år. Vi tilbyr rådgjeving, undersøkingar og behandling som er tilpassa ungdomen sine behov og vert gjeve på deira premissar. Ved å tilby råd, rettleiing og moglegheit for gjentekne samtaler kan helseteneste for ungdom medverke til å styrke den unge sin sjølvtillit, eigenomsorg, ansvar og sosiale ferdigheiter.
Aktuelle tema
Tema kan vere seksualitet, samliv og prevensjon, inkludert seksuell legning, seksuelt overførbare sjukdomar, seksuelle overgrep og vald. Fysisk og psykisk helse; her under trivsel, fysisk aktivitet, kosthald, eteforstyrringar, førebygging av sjølvmord, mobbing, rus, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Rår elles til å ta ein titt på nettsidene www.klara-klok.no og www.unghelse.no