Fysio- og ergoterapi

Fysioterapi - Klikk for stort bilete

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av den kommunale helsetenesta. Tenesta gir behandling og opptrening ved funksjonstap som følgje av skade eller sjukdom, og skal bidra i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i kommunen.

 

Tenesta har tre fast tilsette fysioterapeutar, og ein ergoterapeut i 50% stilling. For å kome til hjå fysioterapeut kan du ta direkte kontakt med oss eller du kan få tilvising hjå lege. Born og unge kan også tilvisast frå helsestasjon eller pedagogar i barnehage/skule. Gravide kan tilvisast frå jordmor.

Pasientar blir prioritert ut frå diagnose og sjukdomsprognose. 1.prioritetspasientar kjem raskt til. Nyopererte og born er blant prioriterte pasientgrupper.

Ergoterapeuten er med i vurdering og oppfølging av pasientar på korttidsrehabilitering og kvardagsrhabilitering. Ergoterapeuten er også kontaktperson for hjelpemiddel og er leiar i bustadtilretteleggingsgruppa i kommunen.

Alle pasientar betaler eigenandel for å gå til fysioterapeut, uavhengig av diagnose. Born uder 16 år og pasientar med registert yrkesskade er fritatt for eigenandel. Eigenandelar til fysioterapi går under Eigenandelstak 2. For 2018 er eigenandelstaket 2025 kr. Kjem du over dette vil du automatisk få frikort frå Helfo.

Fysio- og ergoterapitenesta er lokalisert saman med helsestasjon, legetenesta og NAV i 1.etajse i kommunehuset på Skei.

Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål.

Øygunn Juklestad – tlf. 57726159 / 91658204

  • Fysioterapeut. Fagleiar. Ansvar for rehabilitering og kurativ verksemd.

 

Ingrid Hjolman Reed – tlf. 57726158 / 99202684

  • Fysioterapeut. Ansvar for rehabilitering og kurativ verksemd.

 

Isabel Sunde Hoel – tlf. 57726180 / 99202685

  • Fysioterapeut. Ansvar for barn og unge og kurativ verksemd.

 

Anne Fond – tlf. 57726157 / 48860664

  • Ergoterapeutvikar. Ansvar for hjelpemiddel.

Kontakt

Fysioterapaut
  • Tlf: 57726159
  • Mob: 91658204
  • E-post: