Heimesjukepleie

Heimesjukepleie vert ytt til personar som på grunn av helsesvikt og funksjonshemming treng sjukepleie i heimen. Tenesta er gratis.
 

Dette er ein døgnteneste som gir hjelp og rettleiing til heimebuande sjuke eller funksjonshemma. Hjelp kan til dømes vere hjelp til personleg hygiene, mat, medisiner osv.

Heimesjukepleien har kontakt med andre samarbeidsparter som t.d. leger, sjukehus m.m.

Ein må sende skriftleg søknad om heimesjukepleie til Jølster kommune, tenestekontoret, 6843 Skei i Jølster. Bruk søknadsskjema søknad om heimesjukepleie:

 

Søknad om heimesjukepleie ( pdf 44,5kB) (DOC, 45 kB)

 

Vedtaksnemda handsamar søknaden og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.

 

Søknad vert handsama etter Lov om helse- og omsorgstjeneste § 3-2 6.ledd pkt a jfr Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 a.

 

Dersom du får vedtak på heimesjukepleie vil du etter 3 mnd ha rett på gratis tannhelseteneste. Dersom det oppstår ein akutt situasjon kan du få gratis tannhelseteneste før 3 mnd er gått.

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 27.05.2016 av Carl-Richard Nyborg-Christensen

Kontakt

bilde av personen: Mariann Heggheim
Tenesteleiar

 

 
 
Login for redigering