Heimehjelp

Heimehjelp - Klikk for stort bilete Heimehjelp eller praktisk bistand er eit tilbod om praktisk hjelp for å greie dei daglege gjeremål i heimen. Tenestene kan vere alminneleg husarbeid som t.d. klevask, reingjering, matlaging, hjelp til å skaffe seg varer og tenester m.m.

Du har krav på bistand dersom du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.  Du har eit særleg behov for  hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker. Treng du heimehjelp kan du nytte søknadsskjemaet søknad om heimehjelp for å søkje om dette. 

Søknad om heimehjelp (pdf 44,5kB) (DOC, 45 kB)

 

Betaling for heimehjelp

 
Inntektsgrunnlag Satsar 2017  
 

Timesats inntil

10 t/veke

Abonement

1-2G   Kr. 190,- pr.mnd
2-3G Kr. 185,- Kr. 2.035,-
3-4G Kr. 227,- Kr. 2.497,-
4-5G Kr. 241,- Kr. 2.651,-

 

 

Saksbehandling

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 01.02.2017 av Siv Carlsen Kjøsnes

Kontakt

bilde av personen: Mariann Heggheim
Tenesteleiar

 

 
 
Login for redigering