Demensteam

Tal personar med demens er stigande, og vil i tida framover representere ei stor utfordring i pleie- og omsorgstenesta. Demens er framleis noko som mange veit lite om, og dessverre ser mange på det som noko skamfullt. Det er difor viktig med informasjon og opplysningar, både til personen med demens og til pårørande.

Demensteam - Klikk for stort bileteDemensteam Bilete: www.pleieomsorg.no

Kva kan demensteamet hjelpe deg med?

  • Kartlegging og utredning  av personar med demens eller mistanke om demens, i samarbeid med legetenesta 
  • Informasjon om tenestetilbod/ hjelp til søknadar.
  • Pårørandeskule og samtalegrupper for pårørande
  • Samtalegrupper for personar med demens 
  • Rettleiing for tilsette som arbeider med personer med demens
Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt 
Kontortid tysdag kl.08.00 -15.30
Telefon 577 26 170 / 577 26 171 mobil 916 58 199.
 

Heimetenesta Skei 57 72 61 63 / 99 20 26 90 Heimetenesta Vassenden 57 72 64 72 / 99 20 26 94

 

Kva er demens?

Demens er ein fellesnemning på ein tilstand som kjem av ulike sjukdomar som påverkar korleis hjernen fungerar. Tilstanden er kronisk, irreversibel og forverrar seg. Demens fører til svikt i psykologiske prosessar som hukommelse, oppmersomheit, læring, tenking og kommunikasjon. Personar med demens får vanskar med å oppretthalde innlærde ferdigheiter og å meistre dagliglivets aktiviteter.
 
En del personar utviklar endringar i personlegdom med manglande innsikt  og redusert dømmekraft. Andre symptom kan være angst, depresjon, vrangførestillingar  og tvangsprega åtferd. Personar  som er råka vert sjukare ettersom tida går, og blir meir og meir avhengig av hjelp frå andre.

 

Demensteamet i Jølster kommune

Jølster Kommune har starta eit demensteam, som består av ein person frå heimesjukepleien og ein frå bufellesskapet på Skei.
 
Demensteamet skal utarbeide retningsliner for demensomsorga i Jølster kommune.Demens er framleis noko som mange veit lite om, og desverre ser mange på det som noko skamfullt.
 
Demensteamet sitt tilbod er retta mot pårørande eller andre som kjenner seg knytt til personar med demens, helsepersonell og andre interesserte. Det er viktig med informasjon og opplysningar, både til personen med demens og til pårørande. Det skal være eit lågterskeltilbud som er lett tilgjengeleg for innbyggarane.
 
Teamet skal være eit bindeledd til andre instanser i kommunen og spesialisthelsetenesta. Demensteamet vil arbeide for å gje meir kunnskap om demenssjukdommar. Vi ynskjer å gje råd og rettleiing i dagleglivet og å styrke dei pårørande gjennom open dialog.
 
 

ANDRE INFORMASJONSKJELDER OM DEMENS:

  • Informasjon og råd om symptom, førebygging og hjelpetilbud til pårørande og personar med demens 
  • Råd om korleis pårørande kan kommunisere med personar som har ein demensdiagnose. 
  • Kampanjefilm (vist på TV) 
  • Filmar av pårørande som fortel si historie 

Helsedirektoratet.no/demens:

  • Informasjon og verktøy til helsepersonell 
  • Informasjon om temakofferter: dagaktivitetstilbud, pårørande, miljøbehandling, utredning 
  • Informasjon om utredning og utredningsverktøy 
  • Informasjon om ABC-opplæring om demens for personell 
  • Lenker til materiell og fagmiljøer 
 
Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 30.11.2015
 
 
Login for redigering