Avlasting

Avlastningstiltak er tilbod til personar og familiar med særleg tyngande omsorgsarbeid. Avlastningstiltak skal hindre overbelastning, gje omsorgsytar nødvendig fritid og ferie og mogelegheit til å kunne delta i vanlege samfunnsaktivitetar. Avlastning vert tilpassa behovet ,og vert organisert på ulike måtar. Tenesta kan ein få i heimen eller utanfor heimen, i eller utanfor institusjon og skal omfatte eit forsvarleg tenestetilbod for personen som har omsorgsbehovet.

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 24.04.2015 av Siv Carlsen Kjøsnes

Omsorgsbehovet må ha eit visst omfang for at det skal bli vurdert som særleg tyngjande. I vurderingane legg kommunen vekt på følgjande:

 

Kor mange timar ein arbeider med omsorgsarbeid

Timar med omsorgsarbeid

Om omsorgsarbeidet er meir fysisk og psykisk tyngjande enn vanleg

Om omsorgsarbeidet medfører mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen

Korleis omsorgsarbeidet er fordelt over tid

Om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie/fritid

Om søkjaren har omsorg for meir enn ein person

Om omsorga klart overstig vanleg omsorg for barn på same alder

 

Helse- og omsorgstenesteloven §3-2 pkt.6 bokstav d.

For meir  informasjon ta kontakt med Monica Skeide på tlf: 99202678 eller 55 55 33 33

Søknadsskjema (DOC, 45 kB)

 

Kontakt

bilde av personen: Dagrun Thingnes
Barnevernsleiar/Rettleiar

 

Teneste (1)
 
 
Login for redigering