Tilkopling vatn/avløp

Du må søkje kommunen om løyve når du skal kople private vass- og avløpsledningar til kommunalt eller anna offentleg VA-nett.

Du må søkje både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling

Prisar for tilknyting til vatn og avløp

Tilknytingsgebyr er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knytar eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkopling.  Abonnentar med bustad- og fritidseigedomar skal betale normalsats.

 

Tilknytingsgebyr for vatn og kloakk (2017)

 

Vatn

Avløp

Tilknytingsgebyr (normalsats)

9 962

9 962

 

For næringsbygg, offentlege bygg og kombinasjonsbygg blir tilknytingsgebyret fastsett som N x normalsats, der N går fram av abellen nedanfor:

 

Dimensjon på inntaksleidning i mm

Gebyrstorleik

N x normalsats 

Vatn

Avløp

≤ 32

N = 1

9 962

9 962

≤ 40

N = 2

19 924

19 924

≤ 63

N = 4

39 848

39 848

≤ 75

N = 6

59 771

59 771

≤ 110

N = 10

99 619

99 619

> 110

N = 15

149 428

149 428

 

 

Søknad om tilknyting

For å kunne knytte deg til det offentlege vass- og avløpsnettet må du søkje kommunen om tilknyting. Det kan gjelde for nye byggjetiltak eller dersom du får pålegg om tilknyting etter reglane i plan- og bygningslova. 

Søknad om tilknyting til offentleg VA-nett skal underteiknast av abonnent/utbyggar og ansvarleg føretak som skal utføre arbeidet. 

Søknaden skal innehalde målsett situasjonsplan som viser bygningar, installasjonar og leidningar. I tillegg må nødvendig teknisk dokumentasjon, og eventuelle avtalar og tinglyste rettar leggast ved. 

Skjema for vatn og avløp

Saksgang

Før tilknyting kan utførast, skal søknaden vere godkjend, og tilkoplingspunkt påvisast av kommunen. Når tilkoplinga er utført, skal ansvarleg føretak sende melding til kommunen, med dokumentasjon av utført arbeid.

Vassmålar 

Alle bygningar og deler av bygningar som ikkje skal nyttast til bustad, skal ha installert vassmålar for registrering av vassforbruk. 

Bustadabonnentar kan også installere vassmålar for registrering av forbruk. 

Dimensjon og type vassmålar, med nødvendig dokumentasjon av forventa forbruk, skal dokumenterast og godkjennast før montering. 

Årsgebyr for vatn og avløp

Årsgebyr for vatn og avløp er eit årleg gebyr som du må betale til Jølster kommune når eigedommen din er tilknytt det kommunale vass- og kloakknettet.

Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den dato du har fått ferdigattest/bruksløyve på bygget. Har du spørsmål kring fakturering, ta kontakt med tenestekontoret på telefon 57 72 61 00. 

Årsgebyret er summen av abonnementsgebyr (fast del) og forbruksgebyr (stipulert eller målt).

 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyret skal dekkje 40% av kommunen sine samla inntekter frå årsgebyret. Dette gjeld både for vatn og for avløp.

Abonnementsgebyret for bustad og fritidseigedom har ein sats, og skal betalast for kvar bueining. For einebustad med inntil ei ekstra bueining (for eksempel kjellarleilighet) skal det berre betalast eitt abonnementsgebyr

 

Vatn

Avløp

Abonnementsgebyr for bustad

1 084

2 789

 

Abonnementsgebyr for næring skal betalast for næringseigedomar, offentlege verksemder og kombinasjonsbygg. Gebyret blir fastsett som N x abonnementsgebyr for bustad, der N går fram av tabellen nedanfor:

 

Dimensjon på inntaksleidning  (mm)

Gebyrstorleik V/A

N x abonnementsgebyr for bustad

Vatn

Avløp

≤ 32

N = 1

1 084

2 789

≤ 40

N = 2

2 168

5 579

≤ 63

N = 4

4 337

11 157

≤ 75

N = 6

6 505

16 736

≤ 110

N = 10

10 842

27 893

> 110

N = 15

16 264

41 840

 

Forbruksgebyr

Forbruksgebyret skal dekkje 60% av kommunen sine samla inntekter frå årsgebyret. Dette gjeld både for vatn og for avløp.

 

Ved målt forbruk

Forbruksgebyr = målt forbruk x einingspris.

 
 

Vatn

Avløp

Einingspris kr/m3

8,3

22,2

 

Ved stipulert forbruk

Forbruksgebyr = stipulert gebyr x einingspris. Gebyret for ulike arealgrupper går fram av tabellen nedanfor.

 

Bruksareal (m2)

Stipulert forbruk (m3)

Gebyr vatn

Gebyr avløp

Bustadhus

Fritidshus

Bustadhus

Fritidshus

Bustadhus

Fritidshus

< 100

100

25

830

207,5

2220

555

101 – 250

200

50

1660

415

4440

1110

>250

280

70

2324

581

6216

1554

 

Forfall på faktura er 31. mars, 30. juni, 30. september og 28. desember

 

Grunnlaget for utrekning og innkrevjing av desse avgiftene, ligg i lokale forskrifter og gebyrregulativ.

·         Gebyrregulativ (PDF, 58 kB)

 

Fråkopling av vatn og avløp

Fråkopling av eksisterande stikkledningar skal utførast av fagkunnig føretak, og meldast til kommunen før fråkopling skjer.

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 20.11.2017 av Carl-Richard Nyborg-Christensen
 
 
Login for redigering