Abonnementsgebyr
Abonnementsgebyret skal dekkje 40% av kommunen sine samla inntekter frå årsgebyret. Dette gjeld både for vatn og for avløp.
Abonnementsgebyret for bustad og fritidseigedom har ein sats, og skal betalast for kvar bueining. For einebustad med inntil ei ekstra bueining (for eksempel kjellarleilighet) skal det berre betalast eitt abonnementsgebyr.
|
Vatn
|
Avløp
|
Abonnementsgebyr for bustad
|
1 084
|
2 789
|
Abonnementsgebyr for næring skal betalast for næringseigedomar, offentlege verksemder og kombinasjonsbygg. Gebyret blir fastsett som N x abonnementsgebyr for bustad, der N går fram av tabellen nedanfor:
Dimensjon på inntaksleidning (mm)
|
Gebyrstorleik V/A
|
N x abonnementsgebyr for bustad
|
Vatn
|
Avløp
|
≤ 32
|
N = 1
|
1 084
|
2 789
|
≤ 40
|
N = 2
|
2 168
|
5 579
|
≤ 63
|
N = 4
|
4 337
|
11 157
|
≤ 75
|
N = 6
|
6 505
|
16 736
|
≤ 110
|
N = 10
|
10 842
|
27 893
|
> 110
|
N = 15
|
16 264
|
41 840
|
Forbruksgebyr
Forbruksgebyret skal dekkje 60% av kommunen sine samla inntekter frå årsgebyret. Dette gjeld både for vatn og for avløp.
Ved målt forbruk
Forbruksgebyr = målt forbruk x einingspris.
|
Vatn
|
Avløp
|
Einingspris kr/m3
|
8,3
|
22,2
|
Ved stipulert forbruk
Forbruksgebyr = stipulert gebyr x einingspris. Gebyret for ulike arealgrupper går fram av tabellen nedanfor.
Bruksareal (m2)
|
Stipulert forbruk (m3)
|
Gebyr vatn
|
Gebyr avløp
|
Bustadhus
|
Fritidshus
|
Bustadhus
|
Fritidshus
|
Bustadhus
|
Fritidshus
|
< 100
|
100
|
25
|
830
|
207,5
|
2220
|
555
|
101 – 250
|
200
|
50
|
1660
|
415
|
4440
|
1110
|
>250
|
280
|
70
|
2324
|
581
|
6216
|
1554
|
Grunnlaget for utrekning og innkrevjing av desse avgiftene, ligg i lokale forskrifter og gebyrregulativ:
Kommunale avgifter skal betalast fire gonger i året
Kommunale avgifter (Vatn- og kloakkgebyr, renovasjonsgebyr, eigedomsskatt og feie- og tilsynsgebyr), termin og betalingsfrist:
Termin
|
Betalingsfrist
|
Periode
|
1
|
31. mars
|
Januar, februar, mars
|
2
|
30. juni
|
April, mai, juni
|
3
|
30. september
|
Juli, august, september
|
4
|
28. desember
|
Oktober, november, desember
|
Eigedommar som betalar festeavgift blir fakturert i hausten (oktober). Eigedommar med vassmålar blir avrekna på 4. termin påfølgjande år.
Du får tilsendt faktura i god tid før forfallsdato. Du bør bruke denne fakturaen.
Har du mista fakturaen, ta kontakt med Tenestekontor på telefon 57 72 61 00.
Tilkoplingsgebyr for vatn og avløp
Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr som må betalast når du knyter eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller du får pålegg om slik tilkopling.
Ved byggemelding vert det søkt om tilkopling til det kommunale vass- og kloakknettet. For eksisterande bygg kan kommunen gje pålegg om tilkopling.
Abonnentar med bustad- og fritidseigedomar skal betale normalsats.
Tilknytingsgebyr for vatn og kloakk (2017)
|
Vatn
|
Avløp
|
Tilknytingsgebyr (normalsats)
|
9 962
|
9 962
|
For næringsbygg, offentlege bygg og kombinasjonsbygg blir tilknytingsgebyret fastsett som N x normalsats, der N går fram av abellen nedanfor:
Dimensjon på inntaksleidning i mm
|
Gebyrstorleik
|
N x normalsats
|
Vatn
|
Avløp
|
≤ 32
|
N = 1
|
9 962
|
9 962
|
≤ 40
|
N = 2
|
19 924
|
19 924
|
≤ 63
|
N = 4
|
39 848
|
39 848
|
≤ 75
|
N = 6
|
59 771
|
59 771
|
≤ 110
|
N = 10
|
99 619
|
99 619
|
> 110
|
N = 15
|
149 428
|
149 428
|
Betalingsvanskar
Dersom du av ulike grunnar ikkje klarar å betale tilsendt faktura innan fristen, må du ta kontakt med kommunen slik at ny dato for betaling kan avtalast. Det er viktig at du tek kontakt før fakturaen forfell til betaling, slik at kravet ikkje vert sendt til inkasso.
Ta kontakt med Tenestekontor på telefon 57 72 61 00 eller per e-post: postmottak@jolster.kommune.no
Om du ikkje betalar dei kommunale avgiftene i tide, må du betale forseinkingsrenter. Skatteoppkrevjaren har plikt til å kreve inn dei kommunale avgiftene. Kravet er sikra med lovfesta pant i eigedommen. Det betyr at eigedommen i verste fall kan bli tvangssolgt om du ikkje betalar.
Spørsmål?
Ta kontakt med Tenestekontoret om du har spørsmål kring prisar, faktura og anna som gjeld gebyr innan vatn og kloakk.