Drikkevatn og vassverk

Drikkevatn og vassverk

Drikkevatnet i Jølster har høg kvalitet og er trygt å drikke, med mindre vi melder om noko anna. Vatnet tilfredsstillar dei strenge krava i Drikkevassforskrifta

 

Akutt problem med vassforsyning

Ta kontakt med teknisk vakttelefon om du opplever akutt problem med vassforsyninga.

  • Teknisk vakttelefon: 99 20 26 65

Mjukt eller hardt vatn?

I Jølster har vi "mjukt" vatn med pH mellom 7,2 og 8,5. Det betyr at du ikkje treng å tilsette salt i oppvaskmaskiner. Temperatur og fargetal varierer noko med årstidene. Vatnet avset ikkje kalkavleiring i rør eller andre installasjonar.

Varsling om endring i vassforsyninga

Vi informerar via internett og media, og varslar på telefon til dei som vert direkte berørt ved følgjande hendingar:

  • når vi stenger vatnet grunna vedlikehald og lekkasjar
  • om vasstrykket vert endra
  • ved koketilråding av drikkevatnet

Tilknyting til det kommunale leidningsnettet

Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadane og bygga som er knytta til nettet. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande. 

Informasjon om dei kommunale vassverkane

Jølster kommune har 4 vassverk:

  • Skei Vassverk
  • Vassenden Vassverk
  • Hegrenes Vassverk
  •  Astruptunet Vassverk

Dei kommunale vassverkane følger prøveplanar i samsvar med Drikkevassforskrifta. Prøvene vert analyserte av SunnLab AS.

Dei kommunale vassverkane (unntatt ein del av Hegrenes vassverk, som har borebrønn) har Jølstravatnet som kjelde. Vatnet blir pumpa opp til behandlingsanlegga kor vatn blir desinfisert med ultrafiolett (UV) lys og vannglas, før det blir sendt ut til forbrukarane.

Oversikt kommunale vassverkane.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 16.06.2017 av Carl-Richard Nyborg-Christensen
Artikkel (1)
 
 
Login for redigering