Feiing og tilsyn

Etter sentral forskrift om brannforebyggande tiltak og tilsyn skal kommunen syte for feiing etter behov, men likevel minst ein gong kvart fjerde år. Kor ofte det skal feiast, blir i praksis bestemt av feiaren saman med huseigar.

Tilsyn med fyringsanlegg og anna som har noko å seie for brannsikringa av bustaden, såkalla brannsyn, blir gjennomført kvart fjerde år.

Feiing og tilsyn av bustader er ei lovpålagd oppgåve for det lokale brannvernet. Alle bustader med fyringsanlegg er pålagt feiing og tilsyn der eigar pliktar å legge til rette for denne tenesta. 

Gebyr for feiing og tilsyn (PDF, 215 kB)

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 16.12.2015 av Solfrid Trå

Kontakt

Brannsjef/Byggesakshandsamar

 

 
 
Login for redigering