Energiportalen

 

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 24.05.2017 av Carl-Richard Nyborg-Christensen

Sogn og Fjordane fylkeskommune har  investert i ein energiportal til kommunen din, slik at de kan tilby huseigarane i kommunen gratis energianalyse av eigen bustad – sjå www.energiportalen.no eller jolster.energiportalen.no

Huseigaren kan skrive inn adressa si og finne bustaden sin, sjå estimert årleg energibruk basert på offentleg tilgjengeleg informasjon (Matrikkelen, m.m.), energikostnader, CO2-utslepp og anna informasjon.

Vidare kan huseigaren simulera ulike energitiltak i bustaden og finna det energitiltaket som gjev størst innsparing og passar best for bustaden.

Det vert òg lista opp dei næraste leverandørane av energitiltaket. Vegen er kort til installering og reduserte klimautslepp i bustadsmassen i kommunen.

Det er ingen kommersiell binding mellom handverkarane i energiportalen dykkar og verksemda Energiportalen. Handverkarane vert lista opp etter geografisk nærleik til adressa det har vorte søkt på. 

 
 
Login for redigering