Deling av eigedom

                                                                                                                                                                                Sauer på innmarksbeite - Klikk for stort bilete

Jordlova gjev føringar for eigedomar som vert nytta, eller kan nyttast, til jordbruk eller skogbruk. Dersom du ønskjer å dele areal i frå ein slik eigedom, må du søkje kommunen om løyve til det (sjå jordlovas § 12). Det same  gjeld også for avtale om forpakting, tomtefeste, bortleige av delar eigedomen og bortleige av bruksrett når avtaleperioden er lengre enn 10 år eller avtale ikkje kan seiast opp av eigaren.

Løyve vert gjeve dersom:

  • delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket,
  • omsynet til vern av arealressursane vert teke i var,
  • ho gjev ei driftsmessig god løysing,
  • og ho ikkje fører til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området.

I tillegg kan omsyn til busetjing i området medføre at løyve vert gjeve sjølv om desse punkta ikkje vert oppfylt.

Dersom omsøkte tomt/ eigedom ikkje skal nyttast til landbruksformål må du også søkje om løye til omdisponering etter jordlova (§ 9). Dersom tomtebruken bryt med arealformål i kommuneplanens arealdel (eventuelt reguleringsplan) må du i tillegg søkje om dispensasjon frå denne.

Du kan lese meir om omdisponering og deling etter jordlova i rundskriv M-1/2013, frå Landbruks- og matdepartementet

Handsamingsgebyr konsesjons- og delingssaker 2016 (PDF, 32 kB)

Sist endra 16.12.2015 av Trå, Solfrid

Kontakt

bilde av personen: Joar Helgheim
Tenesteleiar Næring og miljø

 

 
 
Login for redigering