Nedgravde oljetankar

Beskriving


Som grunneigar står du ansvarleg for at ein oljetank på eigen eigedom alltid er i forsvarleg stand. Seinast éin månad før ein oljetank gravast ned, skal du gje skriftleg melding til kommunen om




  • storleiken på tanken 


  • konstruksjon 


  • korrosjonsvern 


  • alder 


  • karttilvising av kor du ønskjer at tanken skal leggjast ned på eigedommen



Det skal utførast periodisk kontroll av oljetanken, og talet på kontrollar avheng av tanktype. Skriftleg dokumentasjon på at tanken er kontrollert og godkjend skal sendast til kommunen. Tankar som permanent blir tekne ut av bruk, skal normalt tømmast, gravast opp og leverast til eit godkjent mottak. Melding om dette skal sendast til kommunen. Nedgravde oljetankar er ei stadig større kjelde til forureining av grunn og vassdrag og kan vere til skade for både helsa og miljøet.


Målgruppe


Huseigarar/grunneigarar


Kriterium


Oljetanken er nedgravd til under bakkenivå og ligg slik til at ikkje heile tanken kan inspiserast utvendig.


Rettleiing


Ta kontakt med oljeselskapet som fyller tanken. Dei kan gje deg informasjon om firma som utfører tilstandskontroll eller utskifting av tank. Du kan også søkje i telefonkatalogen etter firma under oljevern eller farleg avfall. 


Oppdatert


24.04.2012 15:15