Installering

Beskriving

Skal du setje opp eller rehabilitere enkle installasjonar i huset ditt, treng du vanlegvis ikkje sende melding eller søknad til kommunen. Eksempel kan vere:

  • å rehabilitere generelt innvendig - utan at branncelleavgrensande bygningsdel blir brote
  • å rehabilitere eksisterande våtrom
  • å installere ny vask i bustad som alt har sanitæropplegg
  • å installere ny kjøkkenventilator
  • å installere sentralstøvsugar som ikkje er til sjenanse når det gjeld støy, luft og liknande
  • å installere kjølerom i bustad
  • å reparere eller gjere enkle endringar i eksisterande installasjonar
  • å installere vedomn når pipe og brannmur tidlegare er godkjende
  • å installere, endre og reparere eldstad som er sikra kvalifisert kontroll osb.

 Det er likevel ei rekkje vilkår som må vere oppfylde. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Oppdatert

20.01.2015

Kriterium

Generelle vilkår:

  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller stor ulempe for omgivnadene
  • Installasjonen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Installasjonen er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Installasjonen er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Særskilde vilkår:

  • Tiltaket må gjerast i eksisterande bygning og innanfor samme brukseining (branncelle)
  • Installasjonen må ikkje medføre installering av nye leidningar eller nye kanalar frå ei anna brukseining eller branncelle

Klage

Naboar og andre kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom installeringa oppfyller alle vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at installasjonen ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referansar

Sist endra 21.01.2015 av Ommedal, Laila Bergheim
 
 
Login for redigering