Uthus

Beskriving

Skal du oppføre eit mindre, frittliggjande uthus, treng du vanlegvis ikkje sende inn søknad til kommunen. (Dette gjeld likevel ikkje dersom uthuset du skal oppføre ligg innanfor 100-meterbeltet frå sjø.) Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad. Eit uthus kan vere ei lekestove, ei vedbu, ei sportsbu, eit hageveksthus e.l.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av uthuset. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Oppdatert

Vi gjer merksam på at reglane vil bli endra i løpet av 2015.

Kriterium

Generelle vilkår:

  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Du må sjå til at uthuset ikkje kjem for nær eller i konflikt med det kommunale leidningsnettet for vatn og avløp
  • Uthuset må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Uthuset er ikkje i strid med plan- og bygningslova, medrekna tilfredsstillande estetisk utforming 
  • Uthuset er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Særskilde vilkår for oppføring av uthus:

  • Gjeld berre for eigedom som det er bygt på frå før
  • Uthuset må ikkje brukast som varig opphaldsstad for personar (ikkje godkjend for overnatting)
  • Maksimum bruttoareal er 15 m2
  • Maksimum gesimshøgd er 2,5 meter
  • Maksimum mønehøgd er 3,0 meter
  • Minimumsavstand til annan bygning er 1,0 meter
  • Minimumsavstand til nabogrense er 4,0 meter
  • Uthuset skal plasserast innanfor byggjegrense fastsett i reguleringsplanen, veglova eller jarnbanelova

Målgruppe

Hus- og tomteeigarar

Klage

Naboar og andre kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne. Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du treng ikkje å sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller alle vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referansar

Sist endra 20.01.2015 av Ommedal, Laila Bergheim
 
 
Login for redigering