Utepeis - frittliggjande

Beskriving

Å byggje ein frittliggjande utepeis blir sett på som eit mindre, utandørs tiltak. Det vil seie at du vanlegvis ikkje treng å sende inn melding/søknad til kommunen. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Oppdatert

20.02.2012 15:12

Kriterium

  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Utepeisen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Utepeisen må vere minimum 3 meter frå bygning

Målgruppe

Hus- og tomteeigarar

Klage

Naboar og andre kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referansar

Sist endra 20.01.2015 av Ommedal, Laila Bergheim
 
 
Login for redigering