Levegg

Beskriving

Dersom du ønskjer å setje opp ein levegg (for eksempel for å hindre innsyn), treng du vanlegvis ikkje å sende inn melding/søknad til kommunen. Leveggen kan vere frittståande eller festa til ein bygning. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Vi gjer merksam på at desse reglane vil bli endra i løpet av 2015.

Oppdatert

20.01.2015: Vi gjer merksam på at desse reglane vil bli endra i løpet av 2015.

Kriterium

Generelle vilkår:

  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller stor ulempe for omgivnadene
  • Leveggen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Leveggen må ikkje vere i strid med plan- og bygningslova
  • Leveggen må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Særskilde vilkår:

  • Maksimum høgd er 1,8 meter
  • Maksimum lengd er 10,0 meter
  • Minimum avstand til nabogrense er 4,0 meter, med mindre leveggen er eit skilje mellom seksjonar i rekkjehusbygg som ikkje er frådelte tomter
  • Tiltaket skal plasserast innanfor byggjegrense fastsett i reguleringsplan, veglova eller jarnbanelova

Målgruppe

Hus- og tomteeigarar

Klage

Naboar og andre kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du treng ikkje å sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Referansar

Sist endra 20.01.2015 av Ommedal, Laila Bergheim
 
 
Login for redigering