Svar på søknad

Når får du svar?

Nedanfor finn du dei fristane som plan- og bygningslova set for handsaminga av nokre sakstypar. Fristane vert rekna frå det ligg føre ein fullstendig søknad til handsaming.

Ein søknad er ikkje fullstendig før kommunen har mottatt alle nødvendige vedlegg. Søknaden er heller ikkje fullstendig før fristen for merknader frå naboar er ute.

 

Tidsfristar - Pbl. § 21-7

Plan- og bygningslova inneheld enkelte tidsfristar for sakshandsaminga.

- Utgangspunkt: Søknader om tiltak etter §§ 20-1 og 20-2 som er i samsvar med eksisterande planar for den eigedomen der tiltaket skal skje, skal avgjerast av kommunen innan 12 veker etter at fullstendig søknad er mottatt av kommunen.

 

Lova gjev ingen fristar for søknader der tiltaket er avhengig av dispensasjon frå arealplan. Slike søknader må handsamast politisk. - Unntak: Søknader om tiltak etter §§ 20-1 og 20-2 som er i samsvar med lov og føresegner, der det ikkje er kome inn nabomerknader, og det ikkje er krav om løyve, samtykke eller uttale fra andre styresmakter, skal avgjerast av kommunen innan 3 veker. Ved oversitjing av denne fristen, reknast løyve som gjeve.

- Unntak: Søknader til tiltak etter § 20-2 der det ligg føre merknader frå nabo eller tverrbuar, men tiltaket er i samsvar med lov og føresegner og det ikkje er krav om løyve, samtykke eller uttale frå andre styresmakter, skal handsamast av kommunen innan 3 veker. I slike saker vert ikkje løyve rekna som gjever, sjølv om kommunen ikkje har gjort vedtak innan fristen.

- Ferdigattestar skal utferdast av kommunen innan 3 veker etter at kommunen har mottatt søknad om ferdigattest vedlagt nødvendig dokumentasjon.

Sakshandsaming

Er søknaden fullstendig, vil den verte handsama og vedtak treft innanfor dei lovpålagte fristane.

Dersom det ligg føre manglar ved søknaden, vil vi kontakte ansvarleg søkjar / tiltakshavar for å be om den manglande dokumentasjonen, eventuelt avklare vidare handsaming av saka.

 

Klage på vedtak

Dersom du er å rekne som part i ei byggesak, har du rett til å klage på dei fleste vedtak kommunen treff i den saka.

Fristen for å klage på eit vedtak er tre veker. Reglane for klage finn du i forvaltningslova kap. VI.

Ei klage skal rettast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, men skal sendast til Jølster kommune. Husk å merke tydeleg kva sak det gjeld, og kva vedtak det klagast på.

Klaga vert førebudd og politisk handsama i kommunen. Dette kan føre til at klaga vert tatt til følgje og vedtaket omgjort. Dersom kommunen finn at klaga ikkje kan takast til følgje, vert ho sendt vidare til Fylkesmannen for avgjerd der.

Sist endra 13.02.2015 av Hansen, Marte Bergum
 
 
Login for redigering