Før du søkjer

Må du søkje?

Dei aller fleste byggetiltak er søknadspliktige. Heilt enkle og små tiltak kan vere unntatt søknadsplikta. Mindre tiltak kan det vere mogeleg å søkje om på eigahand. For enkelte tiltak er det eit krav i lova at det er fagfolk som står for søknaden.

I utgangspunktet er all oppføring, påbygging, underbygging eller plassering av bygning, konstruksjon og anlegg søknadspliktig. Enkelte unntak går fram av reglane i plan- og bygningslova eller byggesaksforskrifta. Også bruksendring, vesentleg endring eller reparasjon av søknadspliktige tiltak og vesentlege terrenginngrep er søknadspliktige.

Dersom du må søkje ved hjelp av fagfolk, vert den du engasjere omtalt som "ansvarleg søkjar". Denne må ha dei kvalifikasjonar som vert kravd for å få ansvarsrett.

Ved å følgje lenkene nedanfor, vil du finne ei kort orientering om dei tre ulike kategoriane, samt den aktuelle lovteksten.

 

Få råd av oss

For små og mindre tiltak, finn du gjerne svara sjølv ved å nytte deg av nettsida vår.

For mellomstore tiltak kan du sende oss ein førespurnad der du ber om ei vurdering av tiltaket før søknad vert send. Ein slik førespurnad kan sendast via e-post til postmottak eller som brev i posten.

For store og omfattande byggjesaker kan det vere hensiktsmessig å be om ein førehandskonferanse. Ein førehandskonferanse er eit møte mellom kommunen og deg der du legg fram byggjeprosjektet ditt, og fordelar og ulemper med planane vert diskutert, samt korleis du går fram vidare

 

Kor lang tid vil det ta?

Sakshandsamingstida vert rekna frå det tidspunkt vi får inn ein fullstendig søknad. Ein fullstendig søknad er ein søknad som inneheld alle vedlegg, slik som skisser, kart og den informasjon som vi treng for å fatte eit vedtak. Ein søknad vert ikkje rekna som fullstendig før fristen for merknader frå naboar er ute.

Dersom det er viktig med ei rask handsaming av søknaden, bør du derfor sikre deg at søknaden inneheld alle dei opplysningane som er nødvendige for at kommunen kan ta stilling til søknaden.

Tidsfristar - Pbl. § 21-7

Plan- og bygningslova inneheld enkelte tidsfristar for sakshandsaminga.

- Utgangspunkt: Søknader om tiltak etter §§ 20-1 og 20-2 som er i samsvar med eksisterande planar for den eigedomen der tiltaket skal skje, skal avgjerast av kommunen innan 12 veker etter at fullstendig søknad er mottatt av kommunen.

- Unntak: Søknader om tiltak etter §§ 20-1 og 20-2 som er i samsvar med lov og føresegner, der det ikkje er kome inn nabomerknader, og det ikkje er krav om løyve, samtykke eller uttale fra andre styresmakter, skal avgjerast av kommunen innan 3 veker. Ved oversitjing av denne fristen, reknast løyve som gjeve.

- Unntak: Søknader til tiltak etter § 20-2 der det ligg føre merknader frå nabo eller tverrbuar, men tiltaket er i samsvar med lov og føresegner og det ikkje er krav om løyve, samtykke eller uttale frå andre styresmakter, skal handsamast av kommunen innan 3 veker. I slike saker vert ikkje løyve rekna som gjever, sjølv om kommunen ikkje har gjort vedtak innan fristen.

- Ferdigattestar skal utferdast av kommunen innan 3 veker etter at kommunen har mottatt søknad om ferdigattest vedlagt nødvendig dokumentasjon.

Kva kostar det?

Storleiken på dei ulike gebyra for Jølster kommune er vedtatt av kommunestyret og gebyrregulativet for byggesaker mm. er omfattande.

Gebyrsatsane på bygging av einebustad og garasje er no (i 2015):

  • Rein einebustad, kr 9.580.-
  • Enkel einebustad med hybel, kr 9580.-
  • Garasje under 70 m², kr 3.570.-
  • Garasje over 70 m², kr 4.800.-

 

Det er ikkje moms på byggesaksgebyr.

Dersom det vert søkt om dispensasjon frå lov eller plan, vil det verte eit tilleggsgebyr for dispensasjon.

Faktura for innbetaling av gebyret vil kome i eiga postsending nokre dagar etter at du har mottatt vedtak i saka.

Du lyt betale sjølv om du skulle få avslag på søknaden din.

Her finn du meir informsjon om gebyrregulativet i Jølster.

Sist endra 16.02.2015 av Ommedal, Laila Bergheim
 
 
Login for redigering