Ferdigstilling

Bruksløyve

 

Mellombels bruksløyve

Det kan søkjast om å få løyve til å ta i bruk eit tiltak før det ligg føre ferdigattest. Det må då søkjast om eit mellombels bruksløyve. I søknaden må det gå klart fram kva arbeid som står igjen, og ein frist for når tiltaket vil vere ferdigstilt. Ein føresetnad for å kunne gje eit mellombels bruksløyve, er at det berre står igjen mindre arbeid og at det ikkje er farleg å ta i bruk tiltaket.

Bruksløyve

Bruksløyve ved oppføring av nybygg / ombygging kan innvilgast etter søknad, dersom det vert sendt inn dokumentasjon på at det meste er ferdig, og at arbeidet som står igjen ikkje er til hinder for at ein kan flytte inn.

Det er ansvarleg søkjar i byggjesaka som kan søkje om bruksløyve.

Ver merksam på at kommunen kan trekke tilbake bruksløyve dersom dette er gjeve på feil grunnlag.

 

Ferdigattest

Det må søkjast om ferdigattest for alle tiltak unntatt tiltak av mellombels karakter.

Ferdigattest er ein attest som viser at saka er handsama ferdig. Den vert innvilga etter søknad der det er lagt ved dokumentasjon på at arbeidet er ferdigstilt.

Det er ansvarleg søkjar i byggsaka som skal sende søknad om ferdigattest.

Ver merksam på at kommunen kan inndra ferdigattesten hvis denne er gjeven på grunnlag av urette opplysningar.

Sist endra 13.02.2015 av Hansen, Marte Bergum
 
 
Login for redigering